Lesekonkurranse for barnetrinnet

Kategori: Elevenes hjørne

Lesekonkurranse for barnetrinnet

19. mars starta Norli Junior ein ekstra lesekonkurranse sidan alle elevar i Noreg (og her i Belgia) skulle ha heimeskule. Dette var eit bidrag i dugnaden med heimeskule. Begge klassene på barnetrinnet ved skulen vår meldte seg på og har lese, lese og lese endå meir. Ingen kan kome å seie at vi ikkje har gjort ein iherdig innsats. Ved DNSB blei det fram til 12. mai lest 31 578 (!!) sider til saman. Gjennomsnittet ved DNSB vart altså 1 662 sider. Det er vi veldig stolte av.

I lesekonkurransen har vi etter kvar 300/400 sider i gjennomsnitt per elev fått tildelt ein diplom og lært oss om ein ny by i Europa som har hatt betydning for bøker og litteratur. Vi har vore innom London, Reykholt, Odense, Nauschwanstein og Mainz. Dette har vore veldig spanande!

På nettsidene til lesekonkurransen kan ein sjå korleis ein gjer det på landsbasis, både trinnvis og av alle påmeldte. Her har begge klassene (1.-2. og 3.-6.) gjort det veldig bra! På bileta under kan de sjå at 1.-2. trinn hamna på 3. plass av alle 1.trinn i Noreg og 3.-6. hamna på 41. plass av alle 3. trinn i Noreg. Av alle 4 200 klassene som var påmeldte hamna vi på 92.- og 176. plass.

Alle lærarane er veldig stolte over alle elevane våre som har lest veldig mykje den siste tida. Lesing er ein viktig kunnskap i livet og noko vi vektlegg høgt på skulen vår. Vi gler oss allereie til neste lesekonkurranse!

Flere innlegg:

Ungdomstrinnet i Normandie

Ungdomstrinnet i Normandie Ungdomstrinnet har endeleg gjennomført den etterlengta turen til Normandie! Det har vore ein svært lærerik tur saman med ungdom frå Tyskland, USA,

Juleavslutning 2022

Juleavslutning 2022 Plutselig så har nok et halvår gått og i dag har vi hatt juleavslutning på skolen. Det ble en veldig koselig samling hvor

Julemiddag av 5.-7. klasse

Julemiddag av 5.-7. klasse 1. desember hadde vi i 5.-7. klasse (The Norwegian Dragons) julemiddag. Alle på skolen var invitert 🙂 Vi jobbet mye med