Matematikkens dag

Kategori: Elevenes hjørne

Matematikkens dag

I dag har vi gjennomført matematikkens dag ved DNSB. Dagen starta med eit opplegg frå ungdomstrinnet. Dei eldste elevane hadde laga til 6 stasjonar som dei yngre elevane skulle innom. Elevane møtte mange ulike aktivitetar: bowling, lengdehopp, springing, brettspel, gjetteleik og froskehopp. Ungdomstrinnet har brukt eit par veker på å planleggje og gjere klart til dagen i dag. Vi synast dei har gjort ein formidabel jobb og at aktivitetane gjekk veldig fint. Barna på barneskulen uttrykkte at det var veldig kjekke stasjonar og at dei hadde kost seg mykje. Tusen takk til fantastisk opplegg frå ungdomstrinnet!

Etter vi var ferdige med stasjonane gjekk alle klassene kvar til seg og arbeidde vidare med teknologiprosjekta sine til Dragon Wisdom. Dette prosjektet kan de lese meir om på fredag.

Vidare vil de finne mange bilete frå dagen. Det tek nok litt tid å laste opp, men de får sjå mange glade barn som arbeidar med matematikk om de tek dykk tid til å vente 🙂

Flere innlegg:

17. mai på DNSBrussel

17. mai på DNSBrussel Hvert år samarbeider vi på DNSBrussel med Den norske foreningen i Belgia og Den norske skolen på SHAPE om å arrangere

Ungdomstrinnet i Normandie

Ungdomstrinnet i Normandie Ungdomstrinnet har endeleg gjennomført den etterlengta turen til Normandie! Det har vore ein svært lærerik tur saman med ungdom frå Tyskland, USA,

Juleavslutning 2022

Juleavslutning 2022 Plutselig så har nok et halvår gått og i dag har vi hatt juleavslutning på skolen. Det ble en veldig koselig samling hvor