Elevarbeid: Brev til nye elevar ved DNSB frå 1.-2. trinn

Kategori: Elevenes hjørne

Elevarbeid: Brev til nye elevar ved DNSB frå 1.-2. trinn

Dei siste åra har elevane på 1.-2. trinn skrive brev til nye elevar til skulen. Ingen unntak i år. I fjor fekk elevane som skulle starte på 1.-2. trinn desse breva tilsendt i posten saman med eit brev frå læraren, men i år vel vi å leggje dei ut her slik at alle får lese alle sine brev (og vi slepp å vere borti same arket som andre. Les: Corona). Før skrivearbeidet starta laga vi tankekart om kva som kunne vere med. Dette er ein fin måte å få start på tankeprosessen og at alle kjem i gong med skrivinga relativt kjapt. Vi prata òg om korleis vi skal nærme oss ein mottakar. Korleis startar vi eit brev vi ikkje veit kven går til? Kva for informasjon treng dei som skal få brevet? Kva trur vi dei veit frå før?

Flere innlegg:

Ungdomstrinnet i Normandie

Ungdomstrinnet i Normandie Ungdomstrinnet har endeleg gjennomført den etterlengta turen til Normandie! Det har vore ein svært lærerik tur saman med ungdom frå Tyskland, USA,

Juleavslutning 2022

Juleavslutning 2022 Plutselig så har nok et halvår gått og i dag har vi hatt juleavslutning på skolen. Det ble en veldig koselig samling hvor

Julemiddag av 5.-7. klasse

Julemiddag av 5.-7. klasse 1. desember hadde vi i 5.-7. klasse (The Norwegian Dragons) julemiddag. Alle på skolen var invitert 🙂 Vi jobbet mye med