Elevarbeid: «Frosty the snowman» på 1.-3. trinn

Kategori: Elevenes hjørne

Elevarbeid: «Frosty the snowman» på 1.-3. trinn

På 1.-3. trinn har vi sett filmen «Frosty the Snowman» med engelsk tale. Vi har arbeidd med filmen gjennom prosjekt. Elevane fekk vere med å kome med forslag til kva for ulike prosjekt vi kunne ha. Bok, faktaplakat, film, teikneserie og film var noko av forslaga som kom. Elevane fekk deretter velge kva for eit av desse prosjekta dei skulle vere med på. Nokre har derfor laga ein teikneserie, nokon har laga bøker og nokon har laga ein StopMotionMovie. Filmen og teikneserien endte med å bli ganske lik då begge gruppene ønska å lese inn kva som skjedde, men kva gjer vel det?

Elevane har styrt prosjektet på eigenhånd og vi har prøvd å prate engelsk under rettleiing og samtalar vi har hatt om prosjektet. Vi har derfor fått utfordra oss ein del på språket, sjølv om nokre samarbeidar på norsk. Her ser de resultatet. Elevane er veldig fornøgde og det er vi vaksne òg!

Teikneserie med lyd

To av guttene på 1. trinn valgte å lage en tegneserie med lydinnspilling. Dei har først laga dei ulike teikningane dei trengte. Deretter tok dei bilete med iPaden som dei la inn i appen iMovie. Til slutt har dei fortalt historia til kvart bilete over. Veldig kjekt å sjå elevar på 1. trinn så sjølvsikre at dei ikkje ønskjer å gå igjennom kva som skal seiast før dei går for å ta opp lyd.

It’s the snowman. With a life some day. And the two of them get fixing him alive with a special hat.
They took the train to another place.
The snowman was broken. Santa Clause fixed him. A girl took the hat on the snowman.
On the Northpole.

Teiknefilm

Denne filmen blei førsøkt laga i appen Stop Motion, men vi fann ut at iMovie passa betre til teikningane som var laga. På denne gruppa hadde vi éin elev frå 1. trinn og to elevar frå 3. trinn. Dei har prøvd seg litt fram for å finne ut kva som var enklaste måte å lage bileta på. Dei enda med å teikne ulike scener på ark. Desse tok dei bilete av og la på lyd til slutt.

Bok

To elevar frå 2. trinn valde å skrive bok. Dei opplevde at det var vanskeleg å vite korleis ein skriv ord sjølv om dei veit korleis vi seier dei, spesielt når vi ikkje har arbeidd med alle orda som skal skrivast. Likevel har dei fått skrive mykje og kome seg godt på veg i boka. Bøkene skal skrivast ferdig heime, etter initiativ frå elevane sjølve. Her er i alle fall starten på ei av bøkene. Legg merke til at dei ha vald å skrive både på norsk og engelsk slik det er mogleg for fleire å lese dei.

Flere innlegg:

Dragon Wisdom

Dragon Wisdom Bærekraftig utvikling har fått stor plass i den nye læreplanen. Det er ett av tre tverrfaglige tema som det nå skal være fokus

BliMe – dansen 2022

Fredag 11. november er det BliMe – dagen! Dette er NRK Super sin årlige vennskapskampanje, og alle skoler og barnehager er invitert til å danse

Operasjon dagsverk 2022!

Operasjon dagsverk 2022! Årets operasjon dagsverk vart organisert på Den norske skolen i Brussel fredag 28. oktober 2022. Det er elevrådet som planla og organiserte

4.-7. klasse på Brusseltur

4.-7. klasse på Brusseltur Den 30. september var 4.-7. på klassetur til Brussel. Vi besøkte mini Europa, Grande Place og St. Michael og St. Gudula