Elevarbeid: Heimeskule for 1.-2. trinn

Kategori: Elevenes hjørne

Heimeskule for 1.-2. trinn – dei to første vekene

Som alle andre skular her i Belgia og i Noreg er vi òg stengt og elevane har heimeskule. Vi veit ikkje kor lenge dette vil vare, men både vi vaksne og elevane er einige om at det går fint med skule på denne måten òg. I dette innlegget vil vi vise fram ulike oppgåver vi har arbeidd med dei to første vekene skulene er stengt.

Vi har ingen fast timeplan med tider elevane skal arbeide og ha fri på, men det er opp til kvar familie og tilpasse til andre barn sine planar og behov samt foreldra sin situasjon. På skulen brukar vi mykje tid på samtale og praktiske aktivitetar og vi har prøvd å oppretthalde det no med heimeskulen. Dette resulterar i ein del videoar, bilete og skriftleg arbeid.

Dagen i dag

Den første oppgåva elevane fekk var å finne ein måte dei kunne halde kontroll på dag og dato på. Til vanleg har vi namnet på dagen både på bokmål, nynorsk, engelsk og fransk og sjølvsagt skulle vi fortsetje med det heime. Datoen ønska vi òg å få både på norsk og engelsk. Elles fekk elevane lov til å gjere det på sin måte. Og dette resulterte i nokre kreative kalendarar, nokre som likna på den vi har på skulen og nokre som likna på ein standard kalender. Her er ein måte det blei gjort på.

Matematikk

På heimeskulen har vi to fag det er meir av enn dei andre, matematikk og norsk. I matematikken har vi arbeidd med partal og oddetal. Vi har arbeidd med å bli sikre på kva for eigenskapar desse tala har og alle har fått prøvd å bevise setninga «oddetal+oddetal=partal». Her har vi tatt video og gitt tilbakemeldingar til kvarandre. Når vi blei ferdige med det skal vi kome oss vidare i årsplanen og arbeide med rekning.

Her ser de eit prosessnotat der hensikten er å øve seg på å finne den viktige informasjonen i tekstoppgåvene og på å bruke teikning som reiskap i arbeidet med oppgåva.

Her har eine eleven i klassa skrive ei forklaring på korleis han arbeidde for å finne ei løysing på matematikkoppgåva han hadde fått.

Norsk

I norsk har vi arbeidd med synonymer, antonymer og homonymer. Vi har òg øvd oss på å skrive ekstra fent slik lærarane skal forstå sjølv om vi set ein annan stad. I tillegg har vi lest kvar dag, anten lest sjølv eller blitt lest for. Vi er for tida med på ein lesekonkurranse og eit lesemaraton der vi samlar inn pengar til skulebiblioteket.

Her ser de ei oppgåve der elevane skulle lage gåter med homonym. Alle gåtene blei samla inn og nytta seinare i veka til ein quiz der alle var med.

Vi har òg arbeidd med leseteater i dei vanlege lesegruppene våre. Elevane fekk utdelt manus og roller. Eine dagen sat dei heime og øvde seg, dagen etter ringte dei til kvarandre på videosamtale og las seg igjennom leseteateret sitt.

Naturfag, samfunnsfag og KRLE

I naturfag har vi lært om korleis dette med synet fungerar og kvifor vi ser fargar. Her har elevane fått undra seg, laga tankekart, sett undervisningsfilm frå læraren og lese tekstar. Her ser de eit tankekart ein av elevane har laga rundt ordet «lys».

Når vi prata om lys og kva som gjer at vi ser måtte vi nesten prate om skyggar òg. Då fekk elevane i oppgåve å få med andre i familien på å lage skyggeteater. Her ser de ein video av ein familie som laga eit skyggeteater av eit eventyr.

I samfunnsfag har elevane arbeidd med kart og dei ulike verdsdelane. Denne veka var fokuset på Afrika. Elevane starta å fylle ut eit VØL-skjema i første økta. Vidare laga dei ein film med eit samandrag av kvar sine episodar frå eit tv-program som handlar om dyr i Afrika. Dei andre elevane fekk sjå desse videoane økta etter, før dei søkte opp på internett for å få svar på det dei lurte på om Afrika og gjorde ferdig VØL-skjemaet sitt. Her ser det eine eleven sitt VØL-skjema og kva ho har lært dei to øktene.

Fysisk/praktisk aktivitet

Kvar dag har vi ei økt vi kallar for fysisk/praktisk aktivitet. Dette for at elevane skal få bevegd litt på seg og få inn litt friminutt/kroppsøving. Oppgåvene her kan vere å lage handleliste til baking (som dei gjennomfører dagen etter), lage ein kroppsøvingstime for familien, lage hinderløype, ringe kvarandre, hjelpe til i heimen osb.

Her ser de ei liste over vårteikn eleven har funne når ho har gått ut i hagen. Dette var ein del av aktiviteten då elevane skulle ut å halde på med hagespel.

Her er ein film frå hinderløypeoppgåva vi hadde. Eleven her har lagt ein del arbeid i å sette saman ein god informasjonsfilm i ettertid.

Ei oppsummering

Alt i alt er både elevar, føresette og lærarar godt fornøgde. Alle har det etter forholda bra og vi får gjort mykje. Her er to elevtekstar om korleis det er med heimeskule.

Flere innlegg:

5.-7. klasse i Paris!

5.-7. klasse i Paris! 5.-7. klasse har sin egen elevbedrift. Hele året har vi jobbet og hatt forskjellige arrangement for å tjene penger slik at

Matematikkens dag

Matematikkens dag 12. juni gjennomførte DNSB sammen med DNS SHAPE vår årlige mattedag på SHAPE! Det har blitt en tradisjon på slutten av skoleåret at

Musikkinstrumentmuseum og buldretur

Tirsdag 13.juni gikk turen inn til Brussel for 5.-10 trinn, for å besøke Musikkinstrumentmuseet og senere til en buldrehall.  Musikkinstrumentmuseet ligger på høyden, Les Monts

Stop Motion og programmeringsdag

Mandag 19. juni arrangerte DNS Brussel Stop Motion og programmeringsdag for hele skolen!  For oss som skole er det viktig at vi satser på fremtidens