Elevarbeid: Samansatte ord på 1.-2. trinn

Kategori: Elevenes hjørne

Elevarbeid: Samansatte ord på 1.-2. trinn

På 1.-2. trinn arbeidar vi denne veka med samansatte ord. Vi har lært at dette er ord som er satt saman av to andre ord og innhaldet blir noko heilt anna. Tysdag fekk elevane i oppgåve å illustrere forskjellen på innhaldet om ein skriv det riktig (i éit ord utan mellomrom) eller om ein skriv det feil (med mellomrom mellom orda). Vi såg òg litt på bilete som var blitt laga tidlegare av andre. André Ulveseter (sjå infoboks under) jobbar faktisk med å lære vaksne folk, og yngre, korleis ein gjer dette riktig. Det synast vi er veldig gøy og vi er ganske bestemte på at vi skal lære oss dette no og aldri gjere feil!

André Ulvseter er frå Bergen men bur i Ålesund. Han arbeidar som komikar og har drive med standup sidan 1997. Frå 2013 har André arbeidd med særskrivingsfeil. Hausten 2017 var han på besøk ved DNSB og heldt kurs for elevane på 5.-10. trinn. Vi inviterte òg føresette til eige kurs på kveldstid. Alle sat stor pris på besøket og lærte mykje.

Heimeside: https://www.andreulveseter.no/ett-ord/
Facebook-side: https://www.facebook.com/ettord/?epa=SEARCH_BOX

Som de ser i arbeidet til elevane her så har nokre av elevane òg levert inn bilete dei har funne frå André på nett som dei synast var ekstra gøy. Dei bileta med svart tekstboks nedst er hans bilete. Vi anbefalar alle å sjekke ut arbeidet hans og lese i bøkene hans. Vi har i alle fall ei av dei i bokhylla i gangen på skulen. Sjekk det ut når koronasituasjonen er over!

Flere innlegg:

Ungdomstrinnet i Normandie

Ungdomstrinnet i Normandie Ungdomstrinnet har endeleg gjennomført den etterlengta turen til Normandie! Det har vore ein svært lærerik tur saman med ungdom frå Tyskland, USA,

Juleavslutning 2022

Juleavslutning 2022 Plutselig så har nok et halvår gått og i dag har vi hatt juleavslutning på skolen. Det ble en veldig koselig samling hvor

Julemiddag av 5.-7. klasse

Julemiddag av 5.-7. klasse 1. desember hadde vi i 5.-7. klasse (The Norwegian Dragons) julemiddag. Alle på skolen var invitert 🙂 Vi jobbet mye med