Elevarbeid: Skriving frå første dag

Kategori: Elevenes hjørne

Elevarbeid: Skriving frå første dag

Ved DNSB har vi trua på at det å skrive frå første dag på skulen gir elevane eit godt grunnlag for vidare læring. Skriving kan vere enklare enn å lese, då skrivinga kan vere delvis avskrift. Dei yngste nyttar ein app på iPaden som les opp det vi har skrive, noko som gjer at elevane kan høyre om dei har skrive det dei ønskjer å skrive. På denne måten kan dei enklare korrigere seg sjølv og på denne måten få støtte til skrivinga til ei kvar tid. Å utvikle skrivedugleikane hjelp på å utvikle lesedugleikane og å utvikle lesedugleikane hjelp på å utvikle skrivedugleikane. Det er to prosessar som hjelp kvarandre mykje og derfor viktig å fokusere på begge frå starten av.

I løpet av dei første månadane på skulen har vi produsert fleire tekstar. Kvar veke skriv elevane på 1. trinn ein ny tekst med nytt fokus. Tanken er at alle tekstane skal ta utgangspunkt i det som er rundt eleven og eleven kjenner godt til frå før. Her er eit utdrag av tekstane vi skreiv dei første vekene.

Første tekst

Den første teksten vi skreiv var ein tekst til eit klassebilete frå første skuledag. Her fekk elevane øve seg på namna til dei andre i klassa i tillegg til skrivinga. Berre ein av tekstane blei delt då alle såg relativt like ut.

Andre tekst

Vi fortsette å halde oss til å skrive om noko visuelt og elevane fekk utdelt eit bilete av ein skog med nokre dyr i. Dei fekk i oppgåve å skrive kva dei såg.

Tredje tekst

Første teksten der elevane skulle skrive om noko ikkje-visuelt handla om kva dei sjølv likte. Dei måtte tenkje igjennom kva dei likte for så å finne ut korleis det skulle skrivast.

Fjerde tekst

Vidare har vi skrive tekst om kva vi har. Vi lev i eit samfunn der vi har veldig mykje så det var ikkje veldig lett å velgje ut kva som skulle med i teksten.

Den blå ruta skjular namnet på lillebror som vi ikkje har innhenta tillating til å dele.

Femte tekst

Den siste veka her har vi skrive tekst om mamma. Elevane har måtta tenkt igjennom kva mamma kan, er, skal, må og liker. Det er lett å sjå at mammane til våre elevar er fine mammaer!

Flere innlegg:

Ungdomstrinnet i Normandie

Ungdomstrinnet i Normandie Ungdomstrinnet har endeleg gjennomført den etterlengta turen til Normandie! Det har vore ein svært lærerik tur saman med ungdom frå Tyskland, USA,

Juleavslutning 2022

Juleavslutning 2022 Plutselig så har nok et halvår gått og i dag har vi hatt juleavslutning på skolen. Det ble en veldig koselig samling hvor

Julemiddag av 5.-7. klasse

Julemiddag av 5.-7. klasse 1. desember hadde vi i 5.-7. klasse (The Norwegian Dragons) julemiddag. Alle på skolen var invitert 🙂 Vi jobbet mye med