Konkurranse: Lesing på 1.-7. trinn

Kategori: Elevenes hjørne

Konkurranse: Lesing på 1.-7. trinn

Elevane på 1.-7. trinn har dei to siste vekene hatt lesekonkurranse i forbinding med bokveka på campus. Vi har brukt mykje tid på lesing og sett utruleg mange fine leseopplevingar hos barna. På skulen har elevane fortalt om bøkene dei har les både i timar og i friminutt. Elevane har til og med brukt store delar av friminutta på lesing! Aldri før har det blitt lest så mykje på DNSB.

Konkurransen var mellom 1.-3. trinn og 4.-7. trinn. Det var enkelt og greitt slik at flest leste sider i gjennomsnitt førte til seiar. De kan tru det var stor spenning i rommet då vinnaren skulle bli kåra. Her er filmen som avslørte resultatet. Kos dykk!

Kvifor er det så viktig at vi har bokveke og fokus på lesing? Det er det nok mange som spør seg. Vi kan fortelje at det er fordi lesing er viktig uansett kva ein skal drive med som vaksen. Lesing gir rom for å lære, til å kommunisere og til å gløyme kvardagen litt. Dette er veldig viktige og fine ting spør du oss.

Gjennom desse vekene har klassene sett på kvifor vi lærarane masar om lesing heile tida. Vi har sett på denne oversikta og då har det blitt ganske klart for elevane at elev A både blir flinkare å lese, les raskare og får lært mange fleire ord. Håper du òg ønskjer å gjere som elev A og lese 20 min om dagen!

Ulike lesestrategier | infoREGI-Foreldrepulsen

Flere innlegg:

Dragon Wisdom

Dragon Wisdom I april var månadens Dragon Wisdom-tema «gamledagar». Men kva er eigentleg gamledagar? Det har vi alle lurt litt på og vi har gått

Nyheter

Nyheter 4.-7. klasse bruker å ha en oppgave hvor de skal følge med på nyheter i løpet av uken. På slutten av uken forteller vi

Dragon Wisdom!

Dragon Wisdom! Temaet for mars måned er «kloden vår». Her er alternativa mange og klassene har arbeidd med heilt forskjellege ting. Då var det ekstra