Operasjon dagsverk 2022!

Kategori: Aktuelt

Operasjon dagsverk 2022!

Årets operasjon dagsverk vart organisert på Den norske skolen i Brussel fredag 28. oktober 2022. Det er elevrådet som planla og organiserte på førehand, og dei stod også for gjennomføringa av arrangementet. Med god innsats av elevane og dei tilsette, og kjekke føresette som kom med kaker og anna godt, vart årets OD-dag ein suksess! Når gradestokken i tillegg viste over 20 grader, låg alt til rette for ei god økt ute!

Årets aksjon handlar om psykisk helse og tabu i Uganda. I eit land med nesten 46 millionar menneske er der berre 35 psykologar, og når det i tillegg er tabu å snakke om følelsar, blir det vanskeleg når livet byr på utfordringar. Mange små barn mista foreldra sine i borgarkrigen som ramma landet i over 20 år, og desse barna er no ungdommar. Det er ikkje sosialt akseptert å snakke om det som er vanskeleg, og det er dette OD 2022 vil sette fokus på. Målet med aksjonen er å påvirke både politikarar og innbyggjarar i Uganda, og pengane skal blant anna bli brukt til å tilsette helsesjukepleiarar og miljøarbeidarar på utvalde skular. Temaet for årets OD kan også knytast til FN sitt berekraftsmål nr. 3, som handlar om at vi skal jobbe for å sikre god helse og fremme livskvalitet for alle. For å oppmuntre barn og unge i Uganda til å vere modige og snakke om det som er vanskeleg, har alle elevane på DNSB skrive helsingar i små hjerter. Det vart til slutt ein fin plakat som elevrådet presenterte for elevar og føresette på OD-dagen.

Gjennomføring av OD-dagen på DNSB

Elevrådet fekk bruke timane etter lunsj til gjennomføring av operasjon dagsverk, og elevane fekk utdelt aktivitetskort der dei fekk kryss og smilefjes når gruppa hadde gjennomført ein aktivitet. Aktivitetane var å kaste ball på boksar, hoppe lengde, springe 60m., og land art (naturkunst). Den aller siste aktiviteten var løp rundt slottet, og her fekk alle tatt ut dei siste kreftene sine. Når løpet vart blåst i gang hadde føresette møtt opp, så elevane fekk god applaus og heiarop kvar gong dei passerte framfor slottet.

Alle elevane på DNSB er med på operasjon dagsverk, og derfor er det naturleg for oss å organisere ein alternativ dag med aktivitetar, framfor ein dag der alle elevane skal jobbe og tene pengar. Vi vil også takke alle føresette som donerer ein valgfri sum som takk for innsatsen til elevane, det blir sett stor pris på!

Føresette og søsken var inviterte på slutten av dagen, og fleire kom med kaker og anna godt. Skulen stilte med saft, kaffi og te, og vi fekk ei kjekk stund på slutten av dagen der alle fekk noko godt å bite i, og alle fekk vere sosiale og nyte det varme haustvêret. Elevrådet vil takke alle elevane, dei tilsette som stilte opp og sørga for god gjennomføring av økta, og alle som kom og tok del på den sosiale biten på slutten av dagen. Vi håper bidraget vårt til årets operasjon dagsverk kan vere med å gjere kvardagen til nokre av barna og ungdommane i Uganda litt betre. Tusen takk!

Flere innlegg:

Ungdomstrinnet i Berlin!

Ungdomstrinnet i Berlin! I september var ungdomstrinnet på DNSB og DNS SHAPE på tur til Berlin. Formålet med turen var å lære meir om 2.verdenskrig,