Stasjoner: Samene

Kategori: Elevenes hjørne

Stasjoner: Samene

Dei tre siste vekene har vi arbeidd med samane og andre minoritetar når vi har hatt stasjonar med heile skulen. Dei ulike gruppene har arbeidd fram mot kvar sine produkt; plakat med kva som er typisk for samar, lassokasting, avisartikkel, informasjonsfilm, five point essay og intervju.

Gruppe 1:

Gruppe 1 var dei som laga plakat over kva som er typisk for samar.

Lavvo: «Her bor SAMene», «Telt», «BruKtiover 2000år». Samane: «Detteer sa,emes kofte.» Reinsdyr: «Kler», «Sko», «Lavvo», «Dyne», «Kiøtt», «Suinn» (Skinn). Flagg: «rød», «Blå», «Gul» og «Grønn».

Gruppe 3

Gruppe 3 skreiv ein artikkel om samane i fellesskap.

Gruppe 4

Gruppe 4 skulle skrive eit five points essay. Dette er eit essay beståande av fem punkt; ei innleiing, tre punkt/argument og ei avslutning. Elevane presenterte kvar sine punkt/argument under framføringa. Her ser vi disposisjonen og tredje punktet til den eine eleven i gruppa.

Gruppe 2

Lassokasting var det gruppe 2 som stod for. Dei lærte seg korleis lassoen skal knytast og prøvde å lage eigne reinsdyrhorn ved å spikre saman pinnar dei fann ute. Dette var vanskeleg, så dei gjekk for plan B som var å nytte eit tre som hadde falt over ende i uveret. Veldig kjekt å få vere med ut å kaste lasso. Elevane i gruppe 2 stod ansvarleg for opplæring og fiksing av lassoen dersom knuten blei øydelagt.

Kompetansemål

Kompetansemåla i den nye læreplanen vår seier at vi skal lære meir om minioritetar i Noreg, og spesielt samane. Berre sjå her!

Etter 2. årstrinn skal elevane beskrive og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket.

Etter 4. årstrinn skal elevane presentere årsaker til at samane har urfolksstatus i Noreg, og beskriveforskjellige former for samisk kultur- og samfunnsliv før og no.

Etter 7. årstrinn skal elevane utforske hovudtrekk ved historia til samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg og presentere rettar samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg har i dag.

Etter 10. årstrinn skal elevane gjere greie for fornorsking av samane og dei nasjonale minoritetane og uretten dei har vore utsette for, og reflektere over kva konsekvensar det har hatt og har på individ- og samfunnsnivå.

Flere innlegg:

5.-7. klasse i Paris!

5.-7. klasse i Paris! 5.-7. klasse har sin egen elevbedrift. Hele året har vi jobbet og hatt forskjellige arrangement for å tjene penger slik at

Matematikkens dag

Matematikkens dag 12. juni gjennomførte DNSB sammen med DNS SHAPE vår årlige mattedag på SHAPE! Det har blitt en tradisjon på slutten av skoleåret at

Musikkinstrumentmuseum og buldretur

Tirsdag 13.juni gikk turen inn til Brussel for 5.-10 trinn, for å besøke Musikkinstrumentmuseet og senere til en buldrehall.  Musikkinstrumentmuseet ligger på høyden, Les Monts

Stop Motion og programmeringsdag

Mandag 19. juni arrangerte DNS Brussel Stop Motion og programmeringsdag for hele skolen!  For oss som skole er det viktig at vi satser på fremtidens