Tur til NATO HQ for ungdomstrinnet!

Kategori: Aktuelt

Tur til NATO HQ for ungdomstrinnet!

Måndag 23. januar var ungdomstrinnet på DNS Brussel og DNS SHAPE på tur til NATO sitt hovudkvarter i Brussel. Dette var eit besøk vi hadde planlagt og snakka om i mange veker, så vi var godt forberedt når dagen kom. Vi har jobba med temaet internasjonalt samarbeid i samfunnsfag, og vi har lært om både Forsvaret, NATO, EU og FN. Dette er grupper og organisasjonar som elevane bør ha god kjennskap til, og gjennom desse kan vi betre forstå den verda og dei samfunna vi er ein del av. Bjørn Nyheim kom til skulen og hadde ein time med elevane der vi fekk lære meir om Forsvaret og NATO, og dette var nyttig kunnskap å ta med seg når vi skulle inn til hovudkvarteret.

Vi blei møtt av ein gjeng svært hyggelege soldatar som avtener deler av førstegangstenesta si på NATO HQ, og desse hjelpte oss gjennom passkontrollen. Første del av programmet var omvisning, og vi vart vi møtt av to kjekke damer frå Visitor Center. Vi starta med å få ein god del informasjon om bygget, og historia til NATO. Noko visste vi frå før, men ein del var nytt, og det var interessant å få vite meir om tanken bak det flottet bygget dei held til i. Vi lærte blant anna at det aller første hovudkvarteret låg i London, før det vart flytta til Paris. Sidan Frankrike meldte seg ut av den militære delen av NATO i 1966, vart både det militære hovudkvarteret (SHAPE) og det politiske hovudkvarteret, flytta til Belgia. Hovudkvarteret er i dag i eit flott bygg som blei tatt i bruk i 2018. Det begynner allereie å bli for lite, og når NATO mest sannsynleg får to nye medlemmar i løpet av året, vurderer dei ulike løysingar for å få plass til både svenskar og finnar.

Oppe i 2.etasje fekk vi sjå på eit rom der det hang bilder av alle som har vore generalsekretærar sidan organisasjonen vart oppretta i 1949. Der stod det også ein stor kontorpult som tidlegare generalsekretærar har brukt, og der kunne ein få prøvesitte og leve seg inn i rolla som sjef for ei lita stund. Der var også laga til ein fin vegg med flagg der vi fekk tatt bilde av elevane. Dette vart ei lærerik økt og ein flott start på besøket.

Etter omvisninga var det tid for å møte nokre av dei som jobbar i den norske delegasjonen. Vi fekk vere med ut i hallen som bind saman heile NATO-bygget, og pga sikkerheitsnivået fekk vi ikkje lenger lov å ta bilder. Det vart eit svært lærerikt besøk, og sjølv om det vart endring i planane i siste liten, så sat vi likevel igjen med ein god dose ny kunnskap. Anita Nergaard og Louise Dedichen, som vi eigentleg skulle få snakke med, var opptatt. Vi fekk ein fin gjennomgang av kva den norske delegasjonen arbeider med, og spørsmåla vi hadde sendt inn på førehand blei også gjennomgått. Det finaste var at elevane blei utfordra til å svare på spørsmål undervegs, og det var også fleire av elevane som stilte gode spørsmål. På denne måten vart alle engasjerte, og det blei ein god dialog i staden for at vi berre sat der og lytta. Tema vi snakka om var blant anna kva NATO gjer for å stoppe krigen i Ukraina, om NATO trur Finland og Sverige blir NATO-medlemmar i løpet av året, kva som skjer med Tyrkia, og kva NATO elles arbeider med i dei ulike medlemslanda.

Vi hadde eit håp om at sjefen sjølv, Jens Stoltenberg, skulle dukke opp, men vi hadde fått beskjed om at han var opptatt. Han er ikkje den enklaste personen å få audiens hos for tida, men den militære rådgjevaren hans, Gjermund Eide, tok seg tid til å møte oss. Han var veldig flink å formidle, og vi fekk eit godt bilde på kva jobben til generalsekretæren eigentleg går ut på. Han tok oss blant anna med på all reisinga dei har vore med på sidan jul, kva rolle Stoltenberg har, og kvifor han er ein generalsekretær som dei aller fleste NATO-landa er svært fornøgd med. Tema som Ukraina-krigen og NATO si rolle i den blei snakka om, og han snakka også om det norske forsvaret og kvifor det er så viktig å ha flinke jenter og gutar som har lyst å gjere ein innsats for landet. Etter vi var ferdige tok han seg tid til å småprate litt i gangen, og vi fekk også tatt nokre fine bilder av han og elevane.

Det vart endeleg lunsj, og det var ein svolten gjeng som åt mat i kantina. Her var utvalget bra, og alle fann noko dei likte. Vi visste at vi trengte ekstra energi til økta etter lunsj, då gjekk turen nemleg til Staff center og gymsalen. Soldatane var med oss heile dagen, og det var ein svært hyggeleg gjeng unge menn og kvinner. To av dei hadde vore her i Brussel nokre månader, mens dei tre andre var nokså ferske, og hadde kome gjennom nålauget og fått jobb i hovudkvarteret etter rekruttskulen. Dei svarte velvillig på spørsmåla vi hadde, og var gode forbilder for elevane.

Så skulle vi altså få prøve oss på dei fysiske testane som alle i førstegangstenesta må gjennom, og både elevar og lærarar stilte med ein god dose motivasjon og pågangsmot. Det skulle vise seg at det var eit bra utgangspunkt, men slett ikkje nok til å kome heilt til topps.. Vi starta med beep test, ein løpetest der du skal kome deg frå eitt punkt til eit anna før det seier «beep» i høgtalaren. Det blir sjølvsagt kortare og kortare mellom kvart pip, samtidig som du blir meir og meir sliten. Det var imponerande innsats på alle, og mange pressa seg til svært godt resultat! Etter beep testen fekk vi køyrt spensten i stille lengde. Etter eit par prøvehopp fekk vi tre hopp kvar, og her var også innsatsen upåklegeleg. Deretter blei vi delt i to grupper, der den eine gruppa skulle gjere pull-ups, og den andre skulle kaste medisinball. Det var ein strek i rekninga av underteikna ikkje klarte ein einaste pull-up, så no er det ikkje anna å gjere enn å trene.. Mange av elevane briljerte både med pull-ups og kast, og sjølv om det ser enkelt ut å kaste medisinball, så er det mykje teknikk inne i bildet når ballen veg 10 kg. Etter denne øvinga bar det rett i bassenget, og sidan vi fekk litt dårleg tid, blei det berre tid til 100m. Elevane kosa seg, og mange har i etterkant framheva desse øktene som spesielt kjekke. Vi har ikkje bilder frå dei fysiske øktene, det er greitt at noko får forbli privat.

På veg frå Staff center til utgangen var dei fleste elevane heldige og fekk eit glimt av Jens Stoltenberg, vi trur han var på veg opp til kontoret sitt. Han hadde vinka til dei som var der, og det syntest elevane var stas. Ei fin avslutning på dagen!

Kort oppsummert så var dette ein svært vellykka dag på alle måtar. Vi fekk møte mange kjekke folk, og vi reiste tilbake til Waterloo med masse ny lærdom. Alle vi møtte på var hyggelege, og vi set stor pris på alt den norske delegasjonen gjorde for at besøket vårt skulle bli så bra. Tusen takk, vi kjem gjerne tilbake ein annan gong!

Flere innlegg: