Ungdomstrinnet i Berlin!

Kategori: Aktuelt

Ungdomstrinnet i Berlin!

I september var ungdomstrinnet på DNSB og DNS SHAPE på tur til Berlin. Formålet med turen var å lære meir om 2.verdenskrig, både det som førte fram til krigen, kva som skjedde under krigen, og den kalde krigen fram til 1990. Dei frå SHAPE hadde planlagt eit variert program, og det vart både fagleg, kulturelt og sosialt påfyll dei dagane vi var på tur.

Den første dagen starta vi med tur til Otto Weidt-museet. Dette var ein verkstad for blinde og døve jødar, og her vart det produsert redskap som børstar og kostar. Otto Weidt gjorde ein stor innsats for å beskytte dei tilsette, både før og under krigen. Sidan ein av kundane var den tyske Wehrmacht, så klarte Otto Weidt å hindre at jødane som arbeidde for han vart deportert. Det var eit lærerikt besøk på museet. Etter museumsbesøket blei det tur til den jødiske gravplassen i Berlin. Det var ein spesiell plass, der står fleire gamle graver, og vi lærte av det er vanleg å legge små steinar ved gravene, ikkje blomster slik vi er vande til i Norge. På veg til Brandenburger Tor stoppa vi framfor Neue Synagoge, den største synagoga i Berlin. Her patruljerte politifolk framfor inngangen, og vi kunne lese på eit skilt at denne vart forsøkt brent under Krystallnatta i november 1938. Vi snakka litt om andre synagoger som har blitt utsatt for angrep, blant anna i Oslo. Elevane fekk deretter gå langs Unter den Linden åleine, og vi hadde oppmøte framfor Brandenburger Tor.

Holocaust Memorial (minnesmerke) ligg nært Brandenburger Tor, så etterpå gjekk turen dit. Elevane fekk gå mellom steinblokkene. Det er ein spesiell plass, og vi snakka ein del om kor viktig det er å ha kunnskap om, og vise respekt for, alle som mista livet under Holocaust. Det vart også tid til STASI-museum denne dagen, der fekk vi lære meir om kva metodar STASI brukte, og i kor stor grad dei overvåka folk. Det var eit fryktregime der du ikkje kunne stole på nokon, STASI hadde informantar overalt, og ein måtte passe seg for kva ein sa høgt, til og med i eigen heim. Det var ein litt sliten gjeng som sette kursen mot Alexanderplatz, dette er eit område i aust-Berlin, og her står det kjende fjernsynstårnet og verdensklokka (Weltuhr). Elevane fekk tid til å gå litt for seg sjølve fram til middag, som var på Hofbräu München i Berlin. Dette er eit tradisjonelt tysk vertshus, med både musikkunderholdning og tradisjonsmat. Elevane fekk ein god dose tysk kultur denne kvelden, både gjennom mat, musikk, språk og stemning! Trur dei vil hugse denne plassen!

Dag to starta med tidleg frukost og avreise til Sachsenhausen. Dette var ein av dei første konsentrasjonsleirane som vart bygd, og den var i drift allereie frå 1936 som arbeids-/fangeleir for Hitler sine politiske motstandarar. Leiren var ein modell for andre konsentrasjonsleirar som vart bygde, og gjennom krigen sat fleire norske fangar her, blant anna den kjende forfattaren og aktivisten Arnulf Øverland. Dette var ikkje ein utryddelsesleir, så fleire av dei som var her overlevde. Vi hadde god tid her, og fekk gått rundt og sett på dei ulike bygga som framleis står, og der var mykje å lese og lære. Gruppa vart delt i tre, og kvar lærar tok med ei gruppe. Fine samtalar og spørsmål frå elevane langsmed, og vi fekk eit innblikk i kva det ville seie å vere fange her. Sterke inntrykk til refleksjon og ettertanke.

Etter turen til Sachsenhausen tok vi toget tilbake til Berlin og East Side Gallery. Dette er eit område der ein del av Berlinmuren står, og i tida etter murens fall fekk fleire kunstnarar oppdraget med å dekorere muren. Resultatet er eit langt stykke mur med fantastisk kunst, og vi rusla langs heile muren. Elevane fekk god øving i å tolke bilder, og også her fekk vi gode refleksjonar og samtalar langsmed. Vi blei verande i dette området resten av ettermiddagen og kvelden, og det viste seg at det skulle vere landskamp i basketball i Mercedes Benz Arena som låg like ved. Det vart masse folk og god stemning utanfor stadion, og det vart også tid til at elevane fekk vandre litt rundt åleine. Dei fleste tok turen innom eit stort kjøpesenter, før vi hadde middag på ein indisk restaurant like ved. Fantastisk god mat og stemning, og etter middagen vart ei gruppe igjen for å bowle. Nok ein vellukka og lærerik dag i Berlin!

Dag tre og siste dag skulle vise seg å bli ein laaang dag sidan flyet vart nokre timar forsinka, men det var vi lykkeleg uvitande om då vi gjekk til frukost torsdag morgon. Etter å ha pakka saman tinga våre var vi klare for å oppleve endå meir, og første stopp på programmet var det tyske spionasjemuseet. Dette vart ein stor suksess, både fordi temaet er spennande, men også fordi det var eit interaktivt museum. Elevane fekk blant anna kle seg ut som spionar, leite etter skjult avlyttingsutstyr i eit rom, prøve seg på ulike typar kodeknekking, sjå på videoar, og øve seg på å kravle gjennom ventilasjonsanlegg. Dette er verkeleg verdt ein tur om du er i Berlin! Den siste posten på programmet var ein tur til Checkpoint Charlie og murmuseet som ligg rett ved. Vi rusla gjennom gatene i fint vêr, og stemninga var upåklageleg. Rundt Checkpoint Charlie, den kjende grenseovergangen mellom sovjetisk og amerikansk sektor, og symbol for det ideologiske skillet mellom kommunisme og kapitalisme, var det mykje å sjå og oppleve. Informasjonstavler med bilder og fakta, Trabant-bilar som plutseleg kjørte forbi på rekke og rad, og den kjende bua der dei amerikanske soldatane stod vakt. Ein tur til murmuseet vart det også, men eit museum med informasjon på fire språk (engelsk, russisk, fransk og tysk) der all informasjon måtte lesast, gjorde at dei fleste elevane mista litt piffen. Det vart for mykje informasjon på ein gong, og sidan turen nærma seg slutten var dei fleste metta på både informasjon og inntrykk, så opphaldet her vart av det kortvarige slaget. Vi fekk likevel lært masse, og også her var det fine samtalar med elevane, og elevane seg imellom, om den kalde krigen.

For å oppsummere kort så hadde vi svært kjekke og lærerike dagar i Berlin. Ungdommane frå DNSB og DNS SHAPE vart godt kjende med kvarandre, og vi reiste heim med mange gode felles minner i bagasjen. I etterkant av turen har vi jobba meir med den kalde krigen, og elevane har fordjupa seg i eit sjølvvalgt tema. Dette har dei presentert for kvarandre, og eg håper dei sit att med mykje kunnskap, både som dei har lært sjølve, men også av kvarandre. For ein kjekk gjeng å vere på tur saman med, blide og greie, og alle tok ansvar på ulike måtar. Vi hadde koffertbærehjelp første kvelden, vi hadde ein levande GPS som losa oss gjennom gatene slik at vi kom oss dit vi skulle, alle tok ansvar for å mingle og bli kjent med dei andre, og vi lærarane fekk også bli kjent med elevane på ein annan måte enn i klasserommet. Takknemleg for moglegheita til å vere i lag med denne gjengen på ein slik tur! Marte

Flere innlegg: