Ungdomstrinnet i Normandie

Kategori: Aktuelt

Ungdomstrinnet i Normandie

Ungdomstrinnet har endeleg gjennomført den etterlengta turen til Normandie! Det har vore ein svært lærerik tur saman med ungdom frå Tyskland, USA, Belgia og Canada. Vi har lært mykje om kva som skjedde på D-dagen den 6. juni 1944, men også om dei harde kampane som skjedde dei 100 dagane etter, i Slaget om Normandie. Vi var innom fleire interessante plassar på turen, og vi håpar elevane sit igjen med mykje kunnskap og betre forståing for kva desse soldatane ofra i kampen for eit fritt Europa. I forkant av turen måtte alle skrive ein liten tekst der dei reflekterte over korleis turen kunne opplevast ulikt for dei ulike nasjonalitetane som var med, og det er kjekt å sjå at elevane våre har nok historiekunnskap til å kunne reflektere rundt dette.

Tirsdag 14.februar 2023

Denne dagen starta grytidlig, og vi gjekk på bussen utanfor SHAPE kl. 06.00. Den norske seksjonen sat på buss saman med elevar og lærarar frå Tyskland og Canada. Etter nokre timar i bussen kom vi til den kjende brua Le Pont de Normandie, som kryssar elva Seinen mellom Le Havre og Honfleur. Første stopp på turen var den amerikanske gravplassen i Colleville-sur-Mer. Her møtte vi guiden vår som skulle vere med oss dei to første dagane, ein hyggeleg kar som snakka både fransk og engelsk. Vi fekk omvisning av ein amerikansk guide inne på Visitor Center. Vi lærte om kva som skjedde time for time på D-dagen, og korleis dei amerikanske soldatane kom i land på strendene Utah og Omaha. Omaha beach var den viktigaste å få kontroll over, fordi den hadde tilgang til eit nettverk av vegar, og skulle ein klare å få utstyr og soldatar vidare inn i landet, måtte denne stranda vere kontrollert av dei allierte.

Den amerikanske gravplassen har 9386 graver, og alle har kvite kors eller ei kvit davidsstjerne, laga av italiensk marmor. Ved bronsestatuen står The Walls of the Missing, og der er inngravert 1557 namn, til minne om alle som aldri vart funne. Guiden vår sa også at ca. 2/3 av familiane til dei som døde valgte å få sine kjære sendt heim til USA, så gravplassen i Normandie hadde vore adskillig større om alle hadde valgt å gravlegge sine her i Normandie.

Turen gjekk vidare til den tyske gravplassen, og eg opplevde at det var sterk kontrast mellom desse to plassane. Som guiden på den amerikanske gravplassen avslutta besøket vårt med (fri omsetting av meg): «Eit besøk til denne gravplassen skal gjere slik at amerikanarane skal gå herifrå og føle stoltheit over landet sitt, og alle dokker andre har forhåpentlegvis lært litt om kva som skjedde her». Han var opptatt av at USA hadde vunne, og han framheva den patriotiske følelsen. Med dette i tankane kom vi til den tyske gravplassen, og der fekk vi først litt informasjon av guiden vår, så fekk vi lov til å gå rundt fritt. Det er eit vakkert område prega av vemod. Her er 21222 tyske soldatar gravlagde, dei fleste ligg i graver saman med to eller fleire andre, og svært mange av dei var berre mellom 18-20 år då dei døde. Vi lærte også at soldatar som f.eks. døde fordi tanksen deira vart bomba, vart gravlagde i same grav, så nokre graver har fem eller fleire døde. Det å få sjå to så ulike gravplassar på same dag, gjorde inntrykk. Sjølv om dei tyske soldatane var fienden og kjempa for det tyske nazi-regimet, er det noko sårt over at så mange unge menn mista livet for ein stormannsgal diktator, som var villig til å ofre ungdommen i ein meiningslaus krig.

Etter besøket til den tyske gravplassen gjekk turen til ungdomsherberget i Asnelles sur Mer. Etter litt prøving og feiling med dynetrekk og laken, kom alle seg på plass på sine rom. Vi fekk god middag, og deretter var det tid for quiz. Lærarane på den norske og tyske seksjonen hadde planlagt dette, og laga vart blanda slik at alle skulle få samarbeide med andre enn sine eigne medelevar. Det var ein kjekk kveld, men mange var slitne etter ein lang dag.

Onsdag 15. februar 2023

Dagen starta med besøk til Pointe du Hoc. Guiden kunne fortelle at «hoc» betyr «stein» på det lokale språket som vart brukt i Normandie før i tida. Vi lærte om kva som skjedde her på D-dagen, og dette var eitt av områda som vart mest bomba av dei allierte, på grunn av alle dei tyske våpenpostane som var her. Frå Pointe du Hoc har du god oversikt både vestover og austover, og denne klippa ligg mellom strendene Utah og Omaha, der dei amerikanske soldatane gjekk i land på D-dagen. Elevane fekk gå rundt og sjå på eiga hand. Denne plassen er open for publikum, og skal du oppleve Normandie så er denne plassen å anbefale! Vi var heldige med vêret denne dagen, og vi fekk oppleve Pointe du Hoc på ein nydeleg og roleg dag. Stor kontrast til det som skjedde her for nesten 80 år sidan.

Neste post på programmet var Arromanches, og her hadde vi først lunsj på stranda, før vi skulle til ein kino for å sjå ein kort film om D-dagen. Stranda her er Gold Beach, så dette var ei av strendene som britiske soldatar gjekk i land på. I sjøen kan ein framleis sjå delar av store betongblokker som vart plassert eit stykke utanfor strendene, og desse vart brukt for å laste store ting av skipa, som f.eks. tanks og bilar. Det vart laga bruer av store blokker i jern, og på denne måten fekk dei allierte viktig utstyr og folk inn til land. Restane av denne hamna heiter Mulberry Harbour. Eg tok bilde av ein plakat som viser korleis det såg ut, den finn du under. Etter lunsj var det film, og Arromanches 360 Circular Cinema var ei fin oppleving. Utanfor kinoen står eit minnesmerke som heiter D-Day Garden, og der er ein statue av Bill, ein gammal krigsveteran. Han ser mot havet og han ser seg sjølv kome i land som ung soldat den 6. juni 1944. Guiden vår kunne fortelle at sidan minnet til Bill begynner å bli litt dårleg, ser han seg sjølv noko utydeleg, og derfor er han sjølv som ung soldat gjennomsiktig og ufullstendig. Eit svært fint minnesmerke å få med seg om du er i området.

Neste stopp var Juno Beach, og det kanadiske museet Juno Beach Centre. Her hadde vi guide som tok oss med rundt, og vi besøke to ulike bunkerar. Det blei også tid til ein liten tur til stranda der dei kanadiske soldatane gjekk i land på D-dagen. Når ein er på slike turar får ein svært mykje informasjon på få dagar, og det er forståeleg at fleire begynte å bli litt slitne då vi var her. Det vart litt venting, men heldigvis hadde dei ein fin souvenirbutikk som vi fekk handla litt i. Det blei også tid til gruppebilde før turen gjekk tilbake til Asnelles. Denne kvelden hadde den amerikanske og belgiske seksjonen planlagt ein lysseremoni på stranda, og alle fekk utdelt glow sticks og elektriske te-lys. Vi stod i ein halvsirkel, og lærarane hadde valgt ut nokre tekstar som elevar frå dei ulike seksjonane las opp. Det vart ein fin seremoni der vi fekk høyre dikt frå ulike land, og også brev som soldatar skreiv heim mens dei deltok i krigen. Ei fin avslutning på ein lang og innhaldsrik dag!

Torsdag 16. februar 2023

Siste dagen i Normandie for denne gong, og vi hadde berre éin stopp på programmet før bussturen tilbake til Belgia. Dette besøket vart ei fin avslutning på turen, og mange av elevane har framheva dette som noko av det mest interessante. Så er du i Caen, bør du legge turen innom Caen Mémorial, eller Caen Memorial Museum på engelsk. Dette er eit stort museum som har fleire utstillingar, og du går ei løype der du får heile historia frå 1918 til 1989. Dette passa perfekt for våre studentar, som har jobba mykje med akkurat denne perioden i år. Vi såg også ein fantastisk fin film som varte i ca. 20 minutt. Denne tok føre seg både D-dagen og Slaget om Normandie, og sjølv om filmen viser brutale scener og krig, så var den likevel svært informativ og god. Anbefalar verkeleg ein tur hit. Vi hadde to timar her, og det var ikkje nok, for det var mykje å sjå. Eg trur elevane syntest det var nok, og det kan eg forstå, det blei som sagt mykje informasjon på kort tid på denne turen.

DNS Brussel og DNS SHAPE har hatt ein svært vellukka tur til Normandie, både fagleg og sosialt. Vi såg at elevane våre snakka med folk frå andre seksjonar, og det har vore fine samtalar langsmed om det vi har sett og lært. Dei har fått opplevd masse, og som lærar er det veldig kjekt å vere på tur med ein slik gjeng. Vi er privilegerte som får vere med på sånne opplegg og turar. Eg har ikkje fått evaluert turen med elevane endå, men eg trur dei er einige i at dette var ein meget lærerik og gøy tur! Så til alle som ikkje har besøkt strendene i Normandie endå; det er verkeleg verdt turen, og det er viktig å vite kva som skjedde her for nesten 80 år sidan. Det er absolutt ein del av vår historie, og D-dagen og Slaget om Normandie blei begynnelsen på slutten for det nazi-okkuperte Europa. Det er også viktig å minnast dei 156 000 soldatane som gjekk i land på desse strendene på D-dagen, og alle dei som kom i tida etter, og som var villige til å ofre alt for eit fritt Europa.

Flere innlegg: