Elevarbeid: Eventyr på 1.-3. trinn

Kategori: Elevenes hjørne

Elevarbeid: Eventyr på 1.-3. trinn

På 1.-3. trinn har vi ei periode no arbeidd med eventyr. Dette har vore veldig kjekt! Vi har lært om viktige kjenneteikn, vanlege karakterar, fraser som ofte blir brukt og korleis oppbygginga på eventyr er. Vi har sjølvsagt lese ein del eventyr, men vi har òg skrive evntyr. Eventyr har òg vore med inn i musikken.

OBS!: Innlegget inneheld ei god dose bilde- og videofiler så det kan ta litt tid å laste opp.

Teikneseriar

Alle har laga éin eller fleire teikneseriar om Bukkene Bruse. Før elevane satte i gong las vi både den vanlege versjonen av eventyret og versjonen til Bjørn F. Rørvik om «Bukkene Bruse på badeland». Vi prata òg om kva som er likt i ALLE eventyra om Bukkene Bruse og blei einige om at dette var viktig å få med i teikneseriane.

Bukkene Bruse på gamlehjem

Bukkene Bruse skal på kino

Bukkene Bruse på sommerferie

Bukkene Bruse drar til Portugal

Bukkene Bruse i skogen

Bukkene Bruse og lynet

Bukkene Bruse på oljeplatform

Den eldste bukken blir forelsket

Bukkene Bruse drar til Brasil

Bukkene Bruse Minecraft

Eventyr med bakgrunnslydar

I musikken las vi inn eventyret «Bukkene Bruse» på lydopptak der vi laga lydar som passa til forteljinga undervegs. Vi brukte piano, kroppen vår, pultar, Boomwhackers og liknande for å lage lydane. Gjennom dette fekk vi ein god samtale om korleis vi er einige om kva for lydar som passar til ulike hendingar og karakterar. Elevane ønska òg at vi dramatiserte eventyret og la lydinnspelinga til dette, så då gjorde vi det.

Digitale eventyr

Elevane har òg laga teikneseriar på iPadane. Der har dei nytta appen Puppet Pals. Her har vi fått utruleg mange kreative eventyr. Eit utval av dei finn du her.

Heimearbeid

Elevane på 2.-3. trinn fekk bestemme heimearbeid ei av desse vekene med eventyr som tema. Dei valde då at dei skulle bruke veka på å skrive eventyr heime. Dei skulle prøve å få med fleire av kjennetrekka for eventyr og leggje ved bilete til eventyret sitt.

Et fantastisk godteriland

Askeladden og de syv dvergene

Eventyret om påskeharen

Eventyret om enhjørningene

Flere innlegg:

Ungdomstrinnet i Normandie

Ungdomstrinnet i Normandie Ungdomstrinnet har endeleg gjennomført den etterlengta turen til Normandie! Det har vore ein svært lærerik tur saman med ungdom frå Tyskland, USA,

Juleavslutning 2022

Juleavslutning 2022 Plutselig så har nok et halvår gått og i dag har vi hatt juleavslutning på skolen. Det ble en veldig koselig samling hvor

Julemiddag av 5.-7. klasse

Julemiddag av 5.-7. klasse 1. desember hadde vi i 5.-7. klasse (The Norwegian Dragons) julemiddag. Alle på skolen var invitert 🙂 Vi jobbet mye med